Informasjon I SAME BÅT Historikk
Kontakt Presse Samarbeidspartar
Musikarane Bilete KSYS
 
Aktuelle nettstader
Folkemusikklaget www.folkemusikk.no Sogn og Fjordane fylkeskommune

NYTT OM FOLKEMUSIKARANE (JULI 2010)


 

Sigmund Eikås, Vidar Underseth, Øyvind Lyslo og Arne M. Sølvberg med nattkonsert på Landsfestivalen 2010

 

Folkemusikarane i Sogn og Fjordane inviterer til sommarnattskonsert i Eid kyrkje
torsdag 15. juli kl. 23. Sigmund Eikås og Vidar Underseth er fast tilsette folkemusikarar i
ordninga, og dei har invitert med seg fylkesmusikkleiar  Øyvind Lyslo på gitar og
Arne M. Sølvberg på fele og hardingfele.


Folkemusikk har etterkvart blitt eit verdfullt tilskot til musikken i kyrkjerommet, og på denne
konserten byr musikarane på både bruremarsjar, slåttar og salmar,for ein stor del frå Nordfjord.
Nokre nykomponerte melodiar vert det også, i både solo- og samspel. Vel møtt til ein
velklingande konsert!

 

Klikk her for informasjon på Landsfestivalen sine heimesider!

 

 


 

Evalueringa av folkemusikarordninga vedteken av Hovudutval for kultur 

 

Evalueringa av folkemusikarordninga i Sogn og Fjordane er no endeleg vedteken av Hovudutval for kultur i møte 16. juni. Prosjektleiar har vore Synnøve S. Bjørset, og prosjektleiar Øyvind Lyslo.

 

Klikk her for saksutgreiing, samandrag og andre dokument i saka. Den fullstendige evalueringsrapporten kan bestillast hjå kulturavdelinga ved å sende e-post til oyvind.lyslo@sfj.no

 


 

Synnøve S. Bjørset med utvida engasjement som folkemusikar

 

Synnøve S. Bjørset har vore tilsett som folkemusikar i Sogn og Fjordane fylkeskommune sidan våren 2008, og no er hennar engasjement utvida til 31.12.2010. Synnøve har ma. vore prosjektleiar for evalueringa av folkemusikarordninga, ei evaluering som vart vedteken av Hovudutval for kultur 16. juni 2010. Ho har også etablert undervisning på hardingfele i Indre Sogn, og har vore ein pådrivar for folkemusikarane sine Tett På-konsertar i 2008 og 2009.

 


 

Oppdatert informasjon om folkemusikarane på fylkeskommunen sine heimesider

 

Det har lenge vore vanskeleg å finne oppdatert informasjon om folkemusikarane på internett. Fylkeskommunen sine heimesider innheld no dei siste oppdaterte opplysningane om folkemusikarordninga. KLIKK HER for meir informasjon. Dersom det er ynskjeleg å laste ned informasjonen som pdf, klikk HER.

 

Vi gjer merksam på at fylkeskommunen sine nettsider med informasjon om folkemusikarane er dei offisielle nettportalen til folkemusikarordninga i Sogn og Fjordane. Det tyder at nettportalen www.folkemusikarane.no  vil verte deaktivert 1. juni 2011.

 

 


ARKIV:

 

(Foto: Kay Berg)

Folkemusikarane med vellukka konsertar på Nordfjordeid under Skjoratippen

 

Fredag 22.8 og laurdag 23.8 spelte folkemusikarane i Sogn og Fjordane og Hordaland konsertar i samband med arrangementet Skjoratippen på Nordfjordeid. Dette var andre gongen at Eid spelemannslag i samarbeid med Nordfjord Hotell gjennomførte dette arrangementet, og arrangørane vonar at dette kan verte eit årvisst arrangement. I år som i fjor var Folkemusikarane i Sogn og Fjordane og Hordaland inviterte, og denne gongen var det ein kvintett av fire hardingfeler og gitar som stod på programmet. Fredag kveld var det speling i det restaurerte lokalet "Expeditionen", og laurdag ettermiddag var det konsert i kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid. Fylkesmusikarane som medverka var Sigmund Eikås (hardingfele), Vidar Underseth (hardingfele, dans) og Øyvind Lyslo (gitar) frå Sogn og Fjordane, og Einar Mjølsnes (hardingfele og gambe) og Frank Rolland (hardingfele) frå Hordaland. Musikarane presenterte ein variert meny av halling, springar, reinlender og springpolka i tillegg til folketonar i ulike arragement. Det var omlag 40 personar tilstades på konserten. 

 

 

 

 

(Foto: Oskar Andersen)

Oddbjørn Ramstad med ny plate

 

Folkemusikar Oddbjørn Ramstad har saman med Ramstadlaget kome med ny plate! 
Plata vart sleppt under NRK Sogn og Fjordane si direktesending av Sommarlutt fredag 15. august på Sandane.
Den førre plata til Ramstadlaget, "Sognedølen", kom ut i 1994. 
 
Dei som medverkar på plata er: 
Oddbjørn Ramstad, einradar, toradar, trekkspel
Tom Karlsrud, einradar, toradar, trekkspel
Øyvind Lyslo, gitar
Leif Aslaksrud, tuba
Bjørn Ravnestad, einradar, toradar, trekkspel
Siren Torsheim, einradar, toradar, trekkspel
Britt Pernille Frøholm, fele
Håvard Ims, toradar

  

 

(Foto: Øyvind Lyslo)

 

Siste reis for "I same båt"

Folkemusikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane legg i april 2008 ut på si siste rundreise med programserien "I same båt" ombord på hardangerjakta S/J "Mathilde. Då har programma "Med havdur I øyre", "På gyngande grunn" og "På friarferd til fjorden" hatt framsyningar over store delar av Vestlandet, og publikum i Hardanger, Sogn, Nordfjord og Sunnfjord i tillegg til Sunnhordland har fått oppleve både nyskapande og tradisjonell folkemusikk i eit historisk perspektiv.

 

Klikk her for siglingsplan "I same båt" 2008

 

 

Synnøve S. Bjørset i vikariat som folkemusikar

 

Synnøve S. Bjørset er tilsett som vikar for Harald Hesjevoll i 50% stilling fram til og med juni 2009. Bjørset er kjend frå ma. Majorstuen, som ved sidan av omfattande turnéverksemd har spelt inn fleire CD-plater. Dei fekk Spellemannprisen i 2003.

 

Synnøve S. Bjørset skal i engasjementsperioden særskilt arbeide med folkemusikk i frå Sogn.

 

 

 

 

 

 

 

Folketonar på fiskekazoo

 

Les meir her... (Fjordabladet 28.08.07)

 

 

 

(Foto: Kay Berg)

Trollbatt publikum...

 

Eid spelemannslag arrangerte siste helga i august den aller fyrste Skjoratippen spel- og dansarhelg, der folkemusikarane i Sogn og Fjordane og Hordaland medverka med eigen konsert.

 

Sunnmørsposten skreiv følgjande om konserten:

 

"Også fylkesmusikarane frå Hordaland og Sogn og Fjordane har vore med. Dei heldt konsert på hotellet laurdag. Fylkeskvedar Elin Pehrson Grytting, Einar Mjølsnes på hardingfele, Sigmund Eikås på hardingfele og Øyvind Lyslo på gitar trollbatt eit 70-tals publikum med folketonar og spel. Her fekk ein oppleve halling frå Tysnes, springar frå Jølster og Sogn, reinlender frå Hardanger  og Jølster, vals frå Hardanger, hamborgar frå Sunnfjord, bulkospringar frå Granvin og springpolka frå Jølster. Ein fekk også oppleve "Ondt ofte lider den fiskermand" av diktarpresten Claus Frimann, som hadde sitt virke i Davik i Nordfjord.

- Frimann sine tekstar lever framleis med vakre tonar, sa fylkeskvedar Pehrson Grytting. Ho har tidlegare gitt ut cd med tekstar av Frimann, og laurdag brukte ho tonar frå Nordhordland og Sunnmøre. Ein fekk også høyre "Se Solens skjønne Lys og Prakt" med melodiar frå Sund og Gloppen".

(Sunnmørsposten 27.08.2007 Ingebjørg Nilsen Stokkenes)

 

 

Frå venstre: Harald Hesjevoll, Emilie Gallier, Julie Besserova, Øyvind Lyslo, Camille Gerbeau og Elin Grytting

 

Vellukka première på "Hundreds of memories"

 

Den 19. april var det première på "Hundreds of memories", ei multimedieframsyning produsert av Pøst It Cie ved dansaren Emilie Gallier. Ensemblet har samarbeidd tett med folkemusikarane i Sogn og Fjordane. Premièren torsdag var svært vellukka, og i møtet med utøvarane etter konserten var det tydeleg at dette var noko publikum også hadde sett stor pris på. Det er ikkje så ofte at ein får oppleve moderne dans og musikk på dette nivået i Sogn og Fjordane.

Dansarane Emilie Gallier og Camille Gerbeau (Frankrike) og Julie Besserova (Tsjekkia) har i to periodar samarbeidd med fylkesmusikarane Elin Grytting, Harald Hesjevoll og Øyvind Lyslo med samspelet mellom musikk og koreografi i denne framsyninga. - Dette var ei ny og annleis utfordring, seier fylkesmusikar Elin Grytting. - Men det var svært artig å sjå korleis folkemusikalske element kunne fungere og smelte saman med moderne dans! 

Hundreds of Memories er ei framsyning med dans, video, animasjon og musikk. Handlinga tek utgangspunkt i kva som skjer når ein misser minnet, og set fokus på dei mange kvardagslege og sjølvsagte hendingane som påverkar oss gjennom livet, og som fortel oss kven vi er. Framsyninga handlar om den franske jenta Faustine som vert utsett for ei ulukke på ferie i Noreg. Ho overlever, men hugsar ingenting. 

Det franske dansekompaniet PØST IT har teke initiativet til dette samarbeidet med fylkesmusikarane i Sogn og Fjordane. Etter premieren i Førdehuset er det ikkje lagt planar om fleire framsyningar i Noreg, men ensemblet vil no prøve å få til ei framsyning i Frankrike.

 


(Foto: Kay Berg)

"Fagraste Blåland" på barnehageturnè hausten 2007

 

Folkemusikar Oddbjørn Ramstad (biletet) skal saman med songaren Judith Vestreim og trombonisten Leif Aslaksrud på barnehageturné i fylket hausten 2007.

Det er barnehagane som er med på denne ordninga som Rikskonsertane og fylkeskommunensom står bak som får besøk. Programmet vil innehalde mykje  tradisjonsmusikk frå Sogn og Fjordane, i tillegg til at borna skal få vere aktive sjølve også.

Programmet skal produserast våren 2007. Produsent er Øyvind Lyslo.

 

I same båt (Foto: Kay Berg)

Frå venstre: Harald Hesjevoll, Einar Mjølsnes, Sigmund Eikås, Øyvind Lyslo, Reidun Horvei, Frank Rolland, Vidar Underseth,

Laila Kolve, Elin Grytting, Sigbjørn Apeland og Oddbjørn Ramstad (Foto: Kay A. Berg)

 

"I same båt" til Sogn og Fjordane

 

11 av dei fremste folkemusikarane på Vestlandet inviterer til ei musikalsk reise over fylkesgrensene

– både på land og til sjøs!

 

For vestlendingen var sjøvegen den vanlegaste måten å ta seg fram på, og denne fyrste riksvegen var sjølve livsnerva i kystsamfunnet vårt opp gjennom hundreåra. Fjordlandskapet var ein viktig arena for både vikingskip i vesterveg, galeasar, jekter og færingar, frakteskip og fiskebåtar, og her vart både varer, tenester og kulturverdiar utveksla. Folkemusikken i dette området har mange fellestrekk som soleis utgjer ein sams kulturell identitet.

 

”I same båt” er eit prosjekt der fylkesmusikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane har gått saman om å lage ein rik og variert musikalsk meny med utgangspunkt i den tida då seglskutene var eit vanleg syn på fjordane våre. Her vil publikum få oppleve folkemusikk frå Vestlandet på sitt aller beste!

 

Konsertane går føre seg ombord på ei av desse gamle seglskutene, 123 år gamle S/J Mathilde frå 1884. I mars skal denne godt restaurerte hardangerjakta legge til kai i store delar av Nordfjord og Sunnfjord, og under dekk vert det presentert tre ulike folkemusikkprogram. Programma ”Med havdur i øyre”,  ”På gyngande grunn” og ”På friarferd til fjorden” fekk svært god respons på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i fjor sommar. I tillegg vert det arrangert to felleskonsertar på land, og på konsertane i Stryn (4. mars) og Førde (24. mars) vil publikum få oppleve høgdepunkta frå turnéprogramma ombord på S/J Mathilde.

 

Folkemusikarordningane i Sogn og Fjordane og Hordaland vart oppretta i høvesvis 1989 og 1991, og omfattar profesjonelle utøvarar innan folkemusikk frå Vestlandet. Prosjektet ”I same båt” vart fyrste gong gjennomført i Hardanger og Sogn i fjor vår. Ansvarleg for prosjektet er Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune, og det vert gjennomført i samarbeid med Hardanger Fartøyvernsenter, Hardanger Folkemuseum med stønad frå Sparebanken Vest.

 

Sjå siglingsplanen her!

 

 

Med havdur i øyre (Foto: Kay Berg) 

Frå venstre: Sigbjørn Apeland, Elin Grytting og Einar Mjølsnes (Foto: Kay A. Berg)

 

Med havdur i øyre til Nordfjord

 

Hardangerjakta S/J Mathilde frå 1884 til Måløy, Nordfjordeid, Davik, Hyen og Sandane med programmet ”Med havdur i øyre”. 

 

I veka 5-9 mars vil publikum i dette programmet få møte dei mange ulike musikalske uttrykka som kjenneteiknar kystkulturen, både fiskarviser og andre folketonar. Saman med fylkesmusikarane Elin Grytting, song, Einar Mjølsnes, hardingfele og Sigbjørn Apeland, harmonium (trøorgel) vert denne kulturskatten kledd inn i vare og vakre arrangement med smak av salt sjø! På konserten i Davik vil gitaristen Øyvind Lyslo vere vikar for Sigbjørn Apeland. Ansvarleg for prosjektet er Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med Hardanger Fartøyvernsenter, Hardanger Folkemuseum og Sparebanken Vest.

 

 

På gyngande grunn (Foto: Kay Berg)

Frå venstre: Harald Hesjevoll, Sigmund Eikås, Laila Kolve og Frank Rolland (Foto: Kay A. Berg)

 

På gyngande grunn langs fjorden

 

Den historiske hardangerjakta S/J Mathilde frå 1884 på nært hald i ytre Nordfjord og Sunnfjord med programmet "På gyngande grunn".

 

Når seglskuta i veka 12-16 mars legg turen til Svelgen, Kalvåg, Florø, Svanøy og Vevring vil publikum få oppleve frisk og fengande dansemusikk i programmet ”På gyngande grunn”. Dette publikumsvenlege programmet er ein del av prosjektet ”I same båt”, og her presenterer Laila Kolve, fløyter, Frank Rolland og Sigmund Eikås, hardingfeler og Harald Hesjevoll, trekkspel, musikk med røter heilt tilbake til mellomalderen. Musikarane byr på eit variert repertoar frå Noreg og Europa i solo- og samspel, under dekk på S/J Mathilde! Ansvarleg for prosjektet er Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med Hardanger Fartøyvernsenter, Hardanger Folkemuseum og Sparebanken Vest.

 

 

På friarferd til fjorden (Foto: Kay Berg)

Frå venstre: Øyvind Lyslo, Vidar Underseth, Reidun Horvei og Oddbjørn Ramstad (Foto: Kay A. Berg)

 

Musikalsk friarferd på seglskute frå 1884

 

Fylkesmusikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane med folkemusikkabareten "På friarferd til fjorden" ombord på S/J Mathilde.

 

Dette siste programmet i prosjektet "I same båt" kan opplevast ombord på seglskuta S/J Mathilde i Bygstad, Flekke (UWC), Askvoll, Korssund og Bulandet i veka 19-23 mars. I handlinga kjem tre staute karar frå Nordfjord, indre og ytre Sogn, ombord for å fri. Det syner seg at dei har kome i kontakt med spanande kvinnelege kandidatar gjennom intens chatting på internett. Men ingen av dei er klar over at dei faktisk er på veg for å fri til den same dama!

 

Programmet har tidlegare fått svært god respons på turné i Hardanger, Voss og på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 2006. I rollene møter vi Reidun Horvei, song, Vidar Underseth, hardingfele, Oddbjørn Ramstad, trekkspel og Øyvind Lyslo, gitar. Ansvarleg for prosjektet er Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med Hardanger Fartøyvernsenter, Hardanger Folkemuseum og Sparebanken Vest.

 


Siglingsplanen for "I same båt" 2007 er klar

I SAME BÅT skal våren 2007 på turne i Nordfjord og Sunnfjord etter å gjennomført 3 veker med turne i Hardanger og Sogn våren 2006. Prosjektet fekk ein pang-start med direktesending i både Vestlandsrevyen og NRK Hordaland, så vi vonar det vert fullt under dekk også i mars 2007!

Dette samarbeidsprosjektet mellom fylkesmusikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane omfattar tre program som alle kan opplevast frå kai til kai ombord på Hardangerjakta S/J Mathilde frå 1884! 

Mathilde legg til på fylgjande stader i mars 2007: Måløy, Nordfjordeid, Davik, Hyen, Sandane, Svelgen, Kalvåg, Florø, Svanøy, Vevring, Bygstad, Flekke (UWC), Askvoll, Korssund og Bulandet. I tillegg vert det felleskonsertar med alle musikarane i Stryn Kulturhus  4. mars og Førdehuset 24. mars.

Klikk her for meir informasjon!

 

Vidar Underseth med nytt læreverk på DVD

Vidar Underseth gav sommaren 2006 ut læreverket "Mine første feleslåttar", eit unikt tilskot til opplæringa i tradisjonsmusikk på fele og hardingfele. På denne DVD'en kan ein oppleve Vidar spele fleire titals slåttar på både fele og hardingfele, samstundes med at ein ser på frå to ulike vinklar. I tillegg kan ein få slåttane spelt av i halv og og trekvart hastighet. Notane kan også lett skrivast ut. Meir informasjon finn du her

 

Harald Hesjevoll på turne med "Den vesle prinsen"

Fylkesmusikar Harald Hesjevoll har hausten 2006 turnert med framsyninga "Den vesle prinsen" i Sogn og Fjordane i regi av Den kulturelle skulesekken. Gro Marie Svidal og Ulf-Arne Johannessen er spelande og dansande skodespelarar i framsyninga. Regi og scenografi er ved: Sigurd Aae Klausen. 

 

Elin Grytting på turne med "Primstaven"

Fylkesmusikar Elin Grytting og Hanne Oftedal har også hausten 2006 vore på turne med framsyninga "Primstaven". Turneen held fram våren 2007. For fleire opplysningar om programmet og turneplanen, klikk her